Fyrste veka i september startar vi sesongen for arrangement i biblioteket. Denne veka har vi tre ulike arrangement på ettermiddag/kveldsttid, i tillegg til at de er diplom for dei som har vore med på årets Sommarles.
Tysdag 1. september får vi, i samarbeid med Gloppen Mållag, besøk av Maria Parr og Åshild Irgens som skal lese og teikne frå bøkene om Oskar og eg. Arrangementet er gratis for born, og billettar for vaksne kan kjøpast på www.trivselshagen.no. Det blir òg mogleg å kjøpe signerte bøker, eller ein kan ta med bøker heimefrå for å få signert.
Denne veka er det òg Gloppen Musikkfest, og torsdag 3. september er det Festkveld med Håvard Gimse i kultursalen. I forkant av denne blir det Førsnakk med Rasmus Reed i biblioteket kl 18. Dette arrangementet er gratis, og han vil ta oss med bakom musikken og knyte innhaldet opp mot det som blir presentert i kultursalen seinare på kvelden. Gloppen Musikkfest arrangerer òg familieframsyning i biblioteket laurdag 5. september kl 14. I år det Kvintetten Opplett som kjem til biblioteket med framsyninga Klovner i vilden sky, som tek utgangspunkt i den klassiske musikken til Prokofiev. Framsyninga passar for store og små og er gratis. Biblioteket held laurdagsope i forkant av arrangement, slik at det er mogleg å kome inn og hente Sommarlesdiplom.
Vi har òg mange spanande ting på gong utover hausten, så følg med!
