Anbefal ei ungdomsbok!

Vi har den siste tida omorganisert og oppgradert ungdomskroken vår på biblioteket. Vi jobbar stadig for å gjere bøker lettare tilgjengeleg for lesarane våre, og for at alle skal kunne finne noko dei finn interessant i hyllene våre. Men sjølv om me som jobbar i biblioteket er glade i bøker, så rekk me ikkje å lese alt som kjem ut. Difor treng vi hjelp frå dykk som les ungdomsbøker. Vi har ei eiga hylle som no er tileigna lesaranbefalingar. Finn du ei bok i hyllene våre som du har lese, eller veit du om ei god bok du syns vi burde ha? Då er det berre å finne fram penn og post-it! Sett boka i hylla, skriv ein lapp med stikkord om kva du set pris på med boka og fest den på. Om det er ei bok du anbefaler oss å kjøpe inn så klistrar du berre lappen i hylla. Skriv gjerne namn under, men det er heilt frivillig.