Lånereglar for Gloppen folkebibliotek
Lånerett
Alle som bur i landet har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteket. Dersom lånar ikkje held dei fastsette reglane, kan lånaren miste retten til å låna for ei tid.
Lånekort
Lånar skal ha lånekort. Barn (under ungdomsskulealder) må ha underskrift frå føresette for å få lånekort. Lånar må melde frå ved adresseforandring. Samtidig med det fysiske lånekortet får du eit digitalt lånekort. Det finn du ved å logge på https://bibliotekkortet.no/
Lånetid
Vanleg lånetid er 4 veker. Biblioteket kan fastsetje særskilde lånevilkår for einskildbøker og særskilt materiale, og for einskildlånarar.
Bøker og anna trykt materiale: 4 veker
Filmar: 1 veke
Fjernlån: Eigarbiblioteket sine fristar
Ansvar
- Lånar er ansvarleg for alt lånt materiale. Øydelagt eller bortkome materiale må erstattast.
- Lånaren er ansvarleg for materiale lånt på eige lånekort. Føresette er ansvarleg for barn sine lån. Lånaren kan logge inn og finne oversikt over lånt materiale på biblioteket si nettside/app.
- Utlånt materiale, som ikkje er levert tilbake, vert purra etter forfall.
Erstatning
Bøker som ikkje vert levert eller som er øydelagt må erstattast
Erstatning
- Bøker for vaksne: kr 450-
- Bøker for barn/unge: kr 250,-
- Fakturagebyr kjem i tillegg.
Gjeld kun vaksne lånarar (over 18 år).
