Dei beste bøkene i 2024?

Det er tida for nominasjonar til ulike prisar: Dei norske nominasjonane til Nordisk råds litterturpris er klare: Det er romanen til Johan Harstad: «Under brosteinen, stranden!» og Arne Lygre sitt skodespel: «I vårt sted». Kultur- og likestillingsdepartementet har nominert heile 21 titlar til dei ulike prisane sine for dei beste barne- og ungdomsbøkene i 2024. Arnfinn Kolerud si bok «Ivar får ansvar» er ein av desse. I desse tider er også NRK sin radioserie «Lytternes romanpris» i gang, der lyttarjuryen skal kåre ein av 6 bøker til årets vinnar. Det vert ein av desse: «Arendal» av Karl Ove Knausgård, «Bloddråpetall» av Ingrid Storholmen. «Det tolvte huset» av Malin C.M. Rønning, «Ikke mennesker jeg kan regne med» av Kyrre Andreassen, «Sameproblemet» av Kathrine Nedrejord, «Sirene» av Tormod Haugland