Gloppen kommune, ved PTK (Pedagogisk tenestekontor), gjennomførte eit prosjekt der ein samla inn livsminne frå eldre personar i kommunen. PTK – Pedagogisk TenesteKontor var eit servicekontor for skulane i Gloppen på 1970- og deler av 1980-talet. Kontoret hjelpte skulane med kopiering og tilrettelegging av undervisningsmateriale.
Intervjua vart gjort mellom 1964 og 1982, dei aller fleste i perioden 1975-1979. Målet med prosjektet var å samle inn forteljingar om dagleglivet, skikkar og tradisjonar, og at materialet kunne brukast i skulane og i folkeopplysingsarbeid elles. Materialet vart oppbevart hjå PTK, og skulane fekk utdelt katalog og kunne låne lydkassettar. Etterkvart vart kassettane flytta til folkebiblioteket der skulane kunne låne dei. Gloppen sogelag kosta etterkvart digitalisering av materialet.
I 2023 vart materialet deponert til Fylkesarkivet saman med anna arkivmateriale frå Gloppen kommune. Arbeidet er enno ikkje heilt ferdig. Fylkesarkivet vil handsama materialet ytterlegare framover for å gjere det endå meir tilgjengeleg.
Intervjua er tilgjengelege på Det digitale fylkesarkivet.
