Vesenet
Vesenet kjem krypande og flytande inn døra og utover scena. Ikkje er det menneske, ei heller dyr – men kanskje ein levande sølepytt, en mikroorganisme, ei sky, eller ein undervasskapning frå ein annan planet? Det skifter ham, farge og struktur, etterlet frynser og fibrar, vaklar og vibrerer, og transformerer seg i takt og i samspel med musikken.
Gjennom rørse, figurar og lyd blir barna introdusert til det mystiske vesenet, og dets nysgjerrige og litt hjelpelause søken etter nye vener.
Rundt vesenet vert det framført musikk med synth, stemme, xylofon, saxofon og akkordeon av Eva Pfitzenmaier og Heidi Kvelvane. Vesenet er laga av Silje Sandodden Kise, og det vert vekka til live av koreograf og tidligere danser i Carte Blanche, Mathias Stoltenberg.
Framsyninga er utan ord.
Då framsyninga har plassbegrensingar vert det to framsyningar med plass til 30 personar på kvar.
Aldersgruppe 0-5 år.
Les meir om festivalen Ein ørliten ein
Ein ørliten ein er heldige og får tilskot frå Kulturrådet, Bufdir og Gloppen kommune
