Snittblomster i hagen

Dato

Tid

Stad

Gloppen folkebibliotek

Å dyrke snittblomster i eigen hage er kjekt og noko alle kan få til. Snittblomster er plantar du dyrkar for å kunne ta inn til bukettar og dekorasjonar, men dei er også vakre plantar som gjer hagen fargerik og fin for både menneske og insekt. Snittblomster er enkle sortar som erteblomster, ringblomster og prydgulrot, men også meir krevjande plantar som t.d. georginer. Anja Bruland har 15 års erfaring med dyrking og bruk av snittblomster i Blomsterhagen på Abildsø. Ho fortel om eigna sortar, tips og triks. Målet med foredraget er å inspirere og bidra til at fleire oppdagar gleda med å dyrke fleire blomster i hagane, og å kunne hauste til binding av bukettar.

Anja er utdanna økologisk agronom frå Sogn Jord og Hagebruksskule og gartnar frå Hjeltnes gartnerskole. Ho er inspirerande gründer, og står bak ei av dei mest kjende hagebedriftene i landet; Blomsterhagen på Abilsø, no med namn Floramuse (sjekk blomsterhagen.no). Ho har også skrive to bøker; Buketter fra Blomsterhagen (Cappelen Damm) og Kunsten å dyrke snittblomster (Flora Forlag).

Pause i foredraget med kaker, kaffi og loddsal

Billettar på trivselshagen.no pris: kr 150

Arrangør: Gloppen hagelag og Gloppen folkebibliotek