NRK og podcasten Leseklubben oppfordrar heile Norge til samlesnad i oktober. Leseklubben har valt ut fem bøker som skal lesast av kvar sin kjende person:
Eventyrar og foredragsholdar Jens Kvernmo les Pelsjegerliv av Helge Ingstad, komikar, programleiar og forfattar Sigrid Bonde Tussvik les Fugletribunalet av Agnes Ravatn, influensar og programleiar Oskar Westerlin les Fluenes herre av William Golding, komikar og tekstforfattar Javad El Bakali les I morgen, i morgon, i morgon av Gabrielle Zevin – og forfattar, influensar og programleiar Linnea Myhre les Verity av Colleen Hoover. Desse har kvar sine lesarlag.
Slik gjer du det:
- Gå inn på nrk.no, søk opp Leseklubben og Boktober.
- Vel bok – og lagførar.
- Lån boka på biblioteket ditt, eller kjøp den i din lokale bokhandel. Bøkene vil vere tilgjengelege som lydbøker i NRK radio frå 1. oktober.
- Følg podcasten Leseklubben i oktober for å lytte til boksamtalane.
- Eller gjer det slik det passar best for deg. 😊
Boktober har som mål å fremje lesarglede, og vere ein arena for felles litteraturoppleving.
