Det er ikkje jul endå, men det nærmar seg heilt klart advent. Vi slår sjølvsagt eit slag for bøker som adventskalender. I hyllene våre finn du eit utval som er tilpassa ulike mål- og aldersgrupper. Dei fleste adventsbøkene har eit kapittel for kvar dag i advent, og lar seg svært godt kombinere med ei pepperkake eller to.
