Espen «Skarpihagen» Skarphagen: Føredrag «Den grenseløse hagen»
Ser du fram til at det skal spire og gro? Medan du ventar på dei grøne spirene, er du velkomen til ny hagekveld på biblioteket. Denne gongen kjem Espen Skarphagen, også kjend som «Skarpihagen», med føredraget «Den grenseløse hagen». Her vil det garantert bli ein god dose hageinspirasjon med stort mangfald. Stikkord er eigna vekstar på terassar og i hagar, biomangfald, enkel hagedesign og bruk av vasselement. Det blir pause med kaffi, kaker, god prat – og lotteri. Arrangementet er eit samarbeid med Gloppen Hagelag.
Billettar på trivselshagen.no
