BookBites vert Biblio

I appen Biblio kan du låne gratis e-bøker og lydbøker frå folkebiblioteket

Biblio erstattar BookBites. Dette gjeld alle lånarar i folkebibliotek og i dei vidaregåande skulane. Har du alt ein BookBites-bruker, skal du ikkje opprette ein ny brukar i Biblio. Logg inn med same brukernavn/e-post og passord som i BookBites.

For nye brukarar av den digitale tenesta

Korleis tar eg i bruk Biblio

  1. Finn fram lånekortet ditt
    • For å opprette ein brukar i Biblio, treng du ei gyldig e-postadresse og eit lånekort frå folkebiblioteket.
  2. Last ned appen
    • Du finn Biblio i App Store, Google Play, eller i nettlesaren på https://biblio.app
  3. Opprett ny brukar
    • Trykk på profilbildet øvst til høgre.
    • Trykk på Logg inn eller opprett ny brukar.
    • Pass på at du vel riktig land øvst. Trykk Fortsett med e-post.
  4. Oppgje ei gyldig e-postadresse og lag eit passord.
    • Aksepter føresetnadane og trykk Opprett konto.
  5. Vel den kommunen der du har eit bibliotek du kan låne bøker frå med lånekortet ditt.
  6. Legg til lånekort og pinkode
    • Lånenummer og pinkode finn du på https://bibliotekkortet.no/.
  7. Tillat datainnsamling og aksepter vilkår og føresetnadar
  8. Oppgje fødselsåret ditt under Profil – Innstillingar – Personleg informasjon
    • for å få bokhyller som passar til alderen din.

Du finn fleire rettleiingar på help.biblio.app