BookBites vert Biblio
I appen Biblio kan du låne gratis e-bøker og lydbøker frå folkebiblioteket
Biblio erstattar BookBites. Dette gjeld alle lånarar i folkebibliotek og i dei vidaregåande skulane. Har du alt ein BookBites-bruker, skal du ikkje opprette ein ny brukar i Biblio. Logg inn med same brukernavn/e-post og passord som i BookBites.
For nye brukarar av den digitale tenesta
Korleis tar eg i bruk Biblio
- Finn fram lånekortet ditt
- For å opprette ein brukar i Biblio, treng du ei gyldig e-postadresse og eit lånekort frå folkebiblioteket.
- Last ned appen
- Du finn Biblio i App Store, Google Play, eller i nettlesaren på https://biblio.app
- Opprett ny brukar
- Trykk på profilbildet øvst til høgre.
- Trykk på Logg inn eller opprett ny brukar.
- Pass på at du vel riktig land øvst. Trykk Fortsett med e-post.
- Oppgje ei gyldig e-postadresse og lag eit passord.
- Aksepter føresetnadane og trykk Opprett konto.
- Vel den kommunen der du har eit bibliotek du kan låne bøker frå med lånekortet ditt.
- Legg til lånekort og pinkode
- Lånenummer og pinkode finn du på https://bibliotekkortet.no/.
- Tillat datainnsamling og aksepter vilkår og føresetnadar
- Oppgje fødselsåret ditt under Profil – Innstillingar – Personleg informasjon
- for å få bokhyller som passar til alderen din.
Du finn fleire rettleiingar på help.biblio.app
