Pressreader
Saknar du lesestoff på morsmålet ditt? Eller ønsker du å få med deg kva som skjer i den vide verda?
PressReader er ei teneste som gjev tilgang til over 7000 aviser og magasin frå meir enn 125 land på mange ulike språk.
Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin. PressReader har magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje meir. Med PressReader kan du lese aviser og tidsskrift frå perm til perm, akkurat slik dei vart trykt.
Slik får du tilgang
Nyttar du ei av biblioteket sine datamaskinar eller eigen maskin på biblioteket sitt nett, vil du finne tenesta på pressreader.com. For mobile einingar finst det ein app du kan laste ned gratis frå App Store eller Google Play.
På nettbrett, smarttelefoner og pc-ar med Windows 8.1 eller nyare
- Kople til biblioteket sitt wi-fi-nettverk. (Kommune-Gjest)
- Last ned PressReader-appen der du vanlegvis lastar ned appar.
- Start appen medan du er i biblioteket, og du vil automatisk bli kopla
til biblioteket sitt HotSpot.
På andre datamaskinar
- Kople til biblioteket sitt wi-fi-nettverk. (Kommune-Gjest)
- Gå til pressreader.com
Legg merke til den grøne tekoppen som kjem fram etter kvart, den betyr at du har tilgong.
No har du fri tilgang til PressReader på biblioteket og i 72 timar (3 døgn). Du kan lese aviser og tidsskrift medan du er pålogga. Du kan anten lese publikasjonen i originalformatet, eller klikke/tappe på sida og lese i SmartFlow – ei horisontal vising som gjer lesing enkel på alle skjermar.
Korleis laster eg ned aviser og tidsskrift?
Finn det du vil lese. Du kan bla i lister sortert etter type publikasjon, utgjevarland, kategori eller språk, eller du kan søke i søkefeltet oppe til høgre på sida. Du opnar ei liste ved å klikke eller tappe på ho. (Når du brukar nettlesar og ikkje app, må du peike i ei liste, holde venstre museknapp inne og dra opp eller ned i lista for å bla).
Du laster ned ein publikasjon ved å klikke eller tappe på han og velge Download, eller å tappe direkte i sirkelen med nedoverpil.
Eit tips for å spare lagringsplass på nettbrett/mobil: Slett tidlegare nedlasta aviser og blad frå «Downloads». Klikk på menyteiknet … og velg Edit, deretter klikkar du på avisene du vil slette og så på teiknet for søppelbøtte.
Korleis lager eg min eigen personlege konto (gratis)?
Lag ein gratis, personleg konto ved å registrere namn og epost-adresse, og lage deg eit passord. Du vil framleis vere avhengig av biblioteket sin tilgang, men vil få høve til å «personleg-gjere» det som møter deg når du loggar inn.
- Med ein gratis personleg konto kan du bokmerke artiklar og arkivere dei i personlege arkiv.
- Viss du er interessert i eit spesielt emne, kan du sette opp eit varsel slik at du får ein e-post når dette emnet dukkar opp i ei nyhende.
- Du kan dele artiklar med vener via sosiale nettverk eller legge dei i eigne arkiv i Evernote vi eller Instapaper.
- Du kan delta i diskusjonar og kommentere artiklane.
Har du ikkje grøn tekopp på framsida, og blir beden om å betale? Det betyr at dei 3 døgna med gratis tilgong er over, og at du må innom biblioteket igjen for å fornye tilgongen.