Lån opptil 10 filmar i månaden på Filmoteket – og så mange du vil i Filmbib.
- Logg på med nasjonalt lånekort i appen Filmoteket eller på nettsida filmoteket.no
- Du kan låne 10 filmar kvar månad
- Filmen du har lånt kan du sjå så mange gonger du vil i løpet av 48 timar
- Last ned appen: Google Play butikk og App Store
- Filmane kan berre visast i Norge. Lånekortet må vere knytta til Gloppen folkebibliotek
Slik får du tilgang:
- Opprett profil på filmoteket.no med e-postadresse og passord, lånekortnummeret og pinkoden frå det nasjonale lånekortet ditt
- Svar på e-posten du får tilsendt for å stadfeste kontoen din
- Logg deg inn i appen Filmoteket (eller på nettsida) med e-postadresse og passord
- Legg inn lånekortnummeret ditt og pin-koden som høyrer til dette. Dette treng du gjere berre ein gong.
- Vel filmen du vil sjå og stadfest lånet med pinkoden som er knytt til ditt lånekort. Tenesta er gratis.
Kort- og dokumentarfilmar: Animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir.
- Logg på med nasjonalt lånekort i appen Filmbib eller på nettsida filmbib.no
- Du kan strøyme så mange filmar du vil
- Last ned appen: App store og Google Play butikk
- Filmane kan berre visast i Norge. Tenesta er gratis.
Søk & bestill film på DVD eller BluRay frå:
– Gloppen folkebibliotek
– Alle norske bibliotek