Pressreader – digital tilgang til 7000 ferske aviser og tidsskrift på over 70 forskjellige språk og frå over 120 land.
Slik får du gratis tilgong til PressReader i 7 døgn framover:
- Når du er i biblioteket: Kople til nettverket Kommune-Gjest og opne deretter appen PressReader.
eller - Logg inn i databasen til biblioteket med lånenummer og pin-kode (4 siffer). Pass på at du brukar nettversjonen. Lånenummeret ditt står under strekkoden på lånekortet ditt. Legg merke til at etter N er det nullar, ikkje bokstaven O. Deretter dukkar det opp eit nytt menyval —nedst til venstre:
Klikk på PressReader i menyen – då opnar denne seg i ei ny fane. Snart får du fram denne skjermen:
Legg merke til den grøne tekoppen som kjem fram etter kvart, den betyr at du har tilgong:
Last gjerne ned appen PressReader til telefon eller nettbrett.
Vi anbefaler å klikke på «Sign in» for å registrere deg i PressReader (create an account). Dette er gratis, og du kan registrere deg anten med Email, Facebook, Google eller Twitter. Når du loggar på får du nemleg høve til å ta med deg tilgongen over til andre einingar, som til PressReader-appen på mobil eller nettbrett. NB: Dette krev lik pålogging begge stader (til dømes pålogging med same e-postadresse og passord).
Eit tips for å spare lagringsplass på nettbrett/mobil: Slett tidlegare nedlasta aviser og blad frå «Downloads». Klikk på menyteiknet … og velg Edit, deretter klikkar du på avisene du vil slette og så på teiknet for søppelbøtte.
Har du ikkje grøn tekopp på framsida, og blir beden om å betale? Det betyr at dei 7 døgna med gratis tilgong er over. Logg inn på nytt via databasen.